Eplepressing Rogaland

Köhler Paviljongen - Eplepressing Rogaland

Har du ein hage full av eple og lurer på kva du skal bruke dei til? Hos Köhler Paviljongen kan du levere epla dine og få tilbake rein, fersk eplemost frå akkurat dine frukter. Me presser epla for deg, slik at du får ein smakfull og naturleg drikk heilt utan tilsetjingsstoff.

Prisen for pressing er kr 20 per liter. Då får du med deg råsafta heim, og du kan sjølv tappa den på flasker og frysa ned for lengre haldbarheit. Dersom du ynskjer at safta skal halde seg utan frysing, tilbyr me pasteurisering. Då vert safta varma opp til 80 grader og tappa på praktiske 3-liters «ståposar» som du enkelt kan oppbevare i kjøleskap eller på kjøkkenbenken. Pris for pasteurisert most er kr 30 per liter, og kvar ståpose kostar kr 26.

Minste mengde for pressing er om lag 30 liter eple (ca. tre bøtter). Dette sikrar at prosessen blir lønnsam både for deg og oss, og at du får med deg ein god mengde most heim. Me fyller på flasker frå minimum 2,5 liter og oppover, slik at du kan tilpasse etter behov. Du kan også ta med deg plastkanner. Dei må vere reine og over 2,5 liter.

Eplepressing Rogaland - Me utfører eplepressing i september og oktober

Eplepressing sesongen i Rogaland er kort, og pressing skjer derfor berre i september og oktober når frukta er på sitt beste. Me anbefaler å plukke epla i forkant og levere dei så ferske som mogleg for å oppnå best smak og kvalitet på mosten. Me har ope for levering av eple på sundagar og måndagar. Bruk skjemaet under for å gje beskjed når du kjem.

Me tilbyr pressing av meir enn berre eple

Hos Köhler Paviljongen presser me ikkje berre eple. Du kan også kombinere epla dine med pærer eller andre hagefrukter for å få spennande smaksvariantar. Dette gjer mosten ekstra unik og tilpassa akkurat dine preferansar.

For deg som er interessert i å lage eplecider, er pressing første steget i prosessen. Me kan tilpasse pressinga dersom du planlegg vidare fermentering, slik at du får eit best mogleg utgangspunkt.

Kva er eplepressing?

Eplepressing er prosessen der ein knuser og pressar eple til saft. Resultatet er rein eplemost utan tilsetjingar, eit naturleg og sunt alternativ til brus og kjøpesaft. Ved å presse epla dine får du utnytta frukta frå hagen, redusert matsvinn og fylt opp lageret med kortreist drikke du kan nyte heile året. Fordelane er mange:

  • Du får ein smakfull og naturleg drikk
  • Du unngår at epla går til spille
  • Eplemosten er heilt naturleg og utan bruk av sprøytestoff eller tilsetjingar
  • Du får oppleve gleda av å servere dine eigne råvarer til familie og vener

Bestill eplepressing

Me har ope for levering av eple på sundagar og måndagar.