Gruppeturar

Gruppeturar

Finn på noko nytt og spennande med dei du er glad i. Ta med deg vener, kollegaer eller familien på gruppetur. Vi kan tilby ulike opplegg og aktivitetar for grupper på seks personar eller meir.

Dykk må vere minst 6 personar per gruppe.

Vi har også opne dagar der alle er velkomne! Kontakt oss eller følg med på vår Facebook-side. Der deler vi informasjon om neste opne dag.

Rabarbrasafari

Ynskjer du å læra meir om rabarbra? Me tar imot grupper for omvisning frå 1. mai til midten av september.  Frå midten av februar og ut mars kan du få oppleva magien av at rabarbraen veks i stummande mørke nede i ein gammal silo.

Rabarbrasafari m/ føredrag og smaksprøvar (200,- per pers.)
Rabarbrasafari m/ føredrag og smaksprøvar + rabarbrapølse mm. (300,- per pers.)

Historiepakkar i Köhler-Paviljongen

Me fortel historia om garden og paviljongent frå Köhler si tid på Næsheim frå 1850 og fram til i dag. Me viser film og fortel om flyttinga av paviljongen og restaureringa av denne.

Historiepakke med kaffi-meny (220,- per pers.)
Varm rabarbrapai servert med is frå Iskremgarden og Madame Köhlers rabarbrasaft, samt kaffi/te.

Historiepakke med Dampen-meny (395,- per pers.)
Salt kjøttsuppe etter gammal oppskrift, heimelaga brød og Næsheim-jenter til dessert. Madame Köhlers rabarbrasaft og kaffi/te er også inkl. i prisen.

Fleire gruppeturar

Me kan også tilby:

  • Føredraget «Livsglede – Påfyll i ein travel kvardag» av Ragna Bjelland
  • Innandørs golf i Ingolf 365
  • Kuleblåsing hjå Mingar Walker
  • Blomsterdekorasjon/-kurs i Alvehagen
  • Ulike aktiviteter i Madame Köhlers Rabarbrahage