Historikk

Köhler-Paviljongen vart oppførd i 1860 i hageanlegget på garden Næsheim på Nærbø, og vart på den tida nytta som eit selskapshus for fornemme gjester.

Historia startar i 1850 med at Johan  Mandius Köhler kjøpte dei elleve Næsheim-gardene og derunder tre husmannsplasssar på Jæren. Dette utgjorde totalt vel 2000 mål og han satsa stort på å utvikla eit moderne bruk.

Tidleg historie

Köhler-namnet kjem frå Tyskland. Far til Johan Mandius var tyskar og kom via Trondheim til Stavanger der han forelska seg i ei rik enke og gifta seg til gard og grunn- det som seinare vart kalla Handeslhuset Köhler.

Dei fekk ein son saman, Joham Mandius Köhler (1821-1897). Sonen hadde stor interesse for jordbruk, og vart sendt til Danmark og Tyskland for å studera. Etter endt jordbruksutdanning og etter å ha drive Köhler-garden i Hillevåg i nokre år, kjøpte han seg jord og bygde opp eit mønsterbruk på Jæren.

Ein føregangsmann

Köhler var ein føregangsmann på mange felt. Det Köhler kanskje er mest kjend for, er at han anla meieri på garden. Dette vert rekna som det første meieriet på heile Vestlandet og dei brukte bare mjølk frå garden. Meieriet låg i den bygningen som i dag ligg nærmast Næsheimkrysset.

Eit anna stort prosjekt var at han sette seg føre å planta skog på Jæren. Dette var noko heilt nytt, det fans bare ei og anna forblesen rogn her. Han fekk støtte frå departementet og me veit at det vart planta 10 000 tre her på Næsheim og nokre på lensmannsgarden på Hobberstad i Varhaug i same slengen. Trea vart importert frå Danmark og Tyskland med eigne seilskuter.

Köhler låg langt framme når det gjaldt landbruk og gardsdrift, og han fekk bøndene elles på Jæren med seg. Han arrangerte landbruksutstillingar der fine og gode dyr vart premiert.

I ettertid vart det sagt at Köhler låg 50 år framføre dei andre bøndene på Jæren, og dei var blant anna ”øvegidde” då Köhler grov veiter og ville ha vatnet til å renna under jorda.

Köhler-familien anno 1865 med gjæster foran Pavillionen

Marie, Johan og Bolette Køhler ved Næsheim Gård i midten av 1860-årene.

Konkurs og salg

I 1868 gjekk Köhler konkurs. Han hadde rett nok satsa mykje pengar på garden, men me trur at gardsdrifta gjekk godt. Det var nok verre med forretningane inne i Stavanger. Der bygde skipsreiarane seilskuter, og hadde ikkje fanga opp at verda ellers gjekk over til damp. Dette gjorde at dei ikkje fekk selt båtane dei bygde.

Dei hadde óg drive eit rikt fiske etter sild, ikkje minst rundt Island – og så forsvann silda. I Stavanger var det heller ikkje noko bankvesen som fungerte. Dei skriev ut vekslar for kvarandre og så var det eigentleg lite pengar i systemet. Det var som ei tidleg finanskrise, så når det eine handelshuset gjekk over ende, fylgde fleire med.

Garden vart selt til brødrene Berner i 1870, også dei skipsreiar frå Stavanger.

I 1902 kjøpte brødrene Gabriel og Tønnes Nærland garden, men Tønnes «gifta seg til gard» og selde sin part til systera Olina og svogeren Tobias Gudmestad i 1905.

Familiane delte garden mellom seg i 1915, og det var slik paviljongen vart flytta første gong. Han vart då teken ned stokk for stokk og sett opp på ny grunnmur. Det var nå praktiske bønder som hadde overteke og som dreiv garden, så paviljongen vart nå brukt som hønsehus og seinare lager for rot og skrot.

Gjenskapinga av paviljongen

Mykje historie og fleire år seinare, nærare bestemt i 2009, vart paviljongen igjen flytta og fullstendig restaurert. Målet har vore å tilbakeføra Köhler-Paviljongen til slik han var når han vart sett opp i 1860.

"Mange meiner nok at me er galne som har gått i gang med dette prosjektet, men det har vore galne folk på Næsheim før"

Köhler-Paviljongen er i dag ein arena for folk som ynskjer å halde arrangement av ulikt omfang, det vere seg kurs, konferansar, møter og selskap. Det vert servert mat frå eigne menyar med rot i 1860, laga av lokale råvarer. I tillegg vert historia fortald og teken vare på.

På garden dyrkar me rabarbra som stammar frå Köhler si tid på garden, og av desse produserer me den prisbelønna Madame Köhlers rabarbrasaft som sjølvsagt også vert servert til våre gjester.