Meny

Her finn du ein oversikt over ulike rettar og menyar me tilbyr hjå oss.

Kaffimeny

  1. Lefse og gome + kaffi/te og rabarbrasaft
  2. Rabarbrapai med is frå Iskremgarden + kaffi/te og rabarbrasaft
  3. Næsheim-jenter + kaffi/te og rabarbrasaft

Drikke

  • Drikke kjem i tillegg og vert fakturert etter forbruk.
  • Me har ambulerande skjenkeløyve, og har vin som passar til dei ulike menyane,. Me kan også tilby konjakk, bailys og likør til kaffien. Det er ikkje mogeleg å ha med drikke sjølv.

Lunch og enkle menyar

  1. Dampen-meny
    Kjøttsuppe med heimelaga brød, saft, kaffi og dessert (Næsheim-jenter)
  2. Rabarbrapølse med rotmos + dessert
  3. Enkel buffét
    Sildesalat, varmrøykt sik med eggerøre, pølser, daddel med bacon, røykt skinke + dessert.
  4. Smørbrød frå Kafe Jærbuen

Buffet med jærske spesialitetar

  1. Middag, 2 eller 3 rettar med fatservering
    Her kan me tilby sursteik, oksesteik eller røykt svinekam med tilbehør som hovedrett. Middagen vert lagt opp på fat, og det vert servert 2 gonger.
    Forrett er ofte blomkålsuppe, men andre alternativ på forespørsel.Til dessert brukar me ofte «våre eigne» med rabarbra, Næsheim-jenter eller Madame Køhlers fløtepudding, men her står du fritt til å velja andre dessertar etter eigen smak.
  2. Buffet med jærske spesialitetar
    Ein større buffet med fleire rettar av lokale råvarer
  3. Ost og spekefat med ostar frå Ystepikene og spekemat frå R. Skretting
    Heimelaga brød og ulike typar kjeks.

Dessertar

  1. Næsheim-jenter
    (som tilslørte bondepiker, m/ rabarbra)
  2. Rabarbrasuppe
    (sitronsuppe utanom sesong) med is
  3. Madame Köhlers fløtepudding
    (Panna cotta med rabarbragelé)

Andre dessertar kan avtalast på førehand.