Møtelokaler

Møter og konferansar

Köhler-Paviljongen er ei spesiell ramme rundt mange ulike arramgement som møter, seminar og kurs, i nydelege jærske omgivelsar på ein lokasjon med særpreg og sjel. Det unike huset og plasseringa i det opne Jærlandskapet gir ro i sjela. Gjennom kulturhistorie, lokal mat, intimitet og særpreg får du og dine gjester ei oppleving som ikkje vert gløymd.

Kva kan arrangeras hjå oss

  • Frokostseminar
  • Kurs og konferansar
  • Strategimøte
  • Nettverksamling
  • Informasjonsmøte
  • Workshops
  • Teambuilding
  • Familiedag

Spør oss gjerne om prisar og tidspunkt.

Kva kan me tilby

Plassering/lokale

Me ligg idyllisk til på Jæren, og kan tilby unike lokale  med sjel. Kva med å leggja møtet til ein silo? Me har fleire ulike rom som kan nyttast til mindre grupper.

Den perfekte staden for dine viktige møter! Ingen distraksjonar- ro til å tenkja.

Nettverksbyggjing

Det er viktig å leggja tilhøva godt til rette for mingling og nettverksbygging undervegs i arrangementet. Å møta og snakka med andre deltakarar i uformelle settingar kan gje deltakarane nye og spreke perspektiv. Ikkje minst skapar det engasjementet og eit godt miljø.

Opplevingsbaserte aktivitetar og innslag

Me kan føreslå og leggja til rette for morosame og engasjerande aktivitetar og sanseopplevingar som overraskar og inspirerer.

Då vert det bygd sterkare band mellom deltakarane, læringsutbyttet vert betre og arrangementet vert hugsa. Spør oss om forslag. Me veit kva som har fungert bra før!

Innhald

Få ein magisk start på arrangementet med levande musikk eller andre kulturelle innslag, i alle prisklassar. Gode arrangement har godt innhald. Talarar og føredragshaldarar understøtter føremålet med arrangementet: kunnskapsdeling. Dersom det er ønskeleg kan me bidra med innspel og forslag til innhald, presentasjonar, konferansier og føredragshaldarar frå nettverket vårt.

Mat, invitasjonar og info

Maten er viktig når ein samlast! Køhler-Paviljongen serverar velsmakande måltid og det er viktig med kaffipausar. Me tilbyr frisk frukt og annan pausemat, næringsrik og smakfull lunsjbuffet og dessutan gode middagar, tilpassa denne gruppa sitt behov. Me anbefaler også å laga invitasjoner som står i stil med arrangementet.

Ein detaljert køyreplan for dagen må til – med tidspunkt for kva som skal skje, når det skal skje, om kven som har ansvar for dei ulike punkta. Kanskje de også treng ein person som klarer å halda i trådane og følgja skjema? Di betre du har planlagt, di meir går dagen og programmet av seg sjølve og du kan senka skuldrene og faktisk kosa deg på arrangementet.

Kanskje ei lita gåve til føredragshaldarar og/eller deltakar er noko me kan hjelpa med? Sjølvsagt har me sett opp eit budsjett på førehand slik at arrangementet også har ei fast økonomisk ramme.

Oppfølging og evaluering

Arrangementet er ikkje slutt sjølv om det er over. Deltakarar som føler at dei vert sett pris på, vil sitja igjen med eit endå betre inntrykk av arrangementet. Send ut evalueringskjema og la deltakarane koma med tankane sine rundt kva som fungerte godt, og kva som ikkje var optimalt. Slike innspel i etterkant gir deg verdifulle data på kva for grep og justeringer du bør gjera for å laga eit endå betre arrangement neste gong.