Rabarbrasaft

Madame Köhlers Rabarbrasaft

Vår rarbarbrasaft er frisk og velsmakande, og kan nytast til både kvardag og fest. I 2014 vart Madame Köhlers Rabarbrasaft kåra til eit av årets produkt av
«Det norske måltid». Ynskjer du å smaka på den prisvinnande safta vår? Kjøp den på garden vår, eller frå eit av utsalgstadene under.

Plantene som safta vår vert laga av har lange tradisjonar. Det var Johan Mandius Köhler som «innførte» desse rabarbrarøtene til Næsheim i 1860-åra.
Me har vidareført dyrkinga av desse røtene, det er denne rabarbraen som me lagar saft av.

Hagen er sjølvsagt tilgjengeleg for våre gjester som ynskjer å sjå korleis rabarbraen veks.

Eplepressing i september og oktober

Me tilbyr pressing av dine eple, og du får då tilbake eplemosten av desse.
Prisen er kr 16 pr liter. Du må då tappa og frysa safta på eigne flasker.

Dersom du ynskjer at safta er haldbar for lagring utan frysing, presser og pasteuriserer me for kr 25 pr liter. Safta vert varma opp til 80 grader og tappa på 3liters «ståposar». Pris på ståposane er kr 22 pr stk.

Ta kontakt med
Per Ivar  920 44 721 eller Ingebjørg 481 35 085
eller på mail ingebjorg@kohlerpaviljongen.no
for å avtala levering av dine eple.

Minste mengde eple som kan leverast for pressing er ca 30 liter (3 bøtter).

Vinter-rabarbra

Er det mulig? Heilt utan lys og fotosyntese veks rabarbraen nede i ein mørk kjellar midt på vinteren! Dette vert ein spesiell luksusrabarbra som går til dei finaste restaurantane. Me tar imot grupper for å sjå og oppleva dette i sesongen som er frå midten av februar og fram mot påske.

Så langt me veit, er me dei einaste som dyrkar rabarbra inne i mørket om vinteren.
Kom og sjå, og lær meir om rabarbra!

Rabarbrasafari

Ynskjer du omvisning i rabarbrahagen? Me tek imot grupper for omvisning frå 1. mai til midten av september. Det er også muligheit for å sjå rabarbra som dyrkas innandørs dei to siste vekene i februar fram til påske.

Rabarbrasafari m/ føredrag og smaksprøvar (200,- per pers.)

Rabarbrasafari m/ foredrag og smaksprøvar + rabarbrapølse på bålet
(300,- per pers.)

Her er vårt utval av rabarbrasaft

  • Friskpressa
  • Friskpressa (sukkerfri)
  • Rabarbra Naturell
  • Rå Rabarbrasaft m/ sitron og kardemomme
  • Madame Kôhlers rabarbragløgg

Flasker: 0,7 liter.
Bag-in-box utgave: 3 og 5 liter

Kor kan rabarbrasafta kjøpast?

Me har eit enkelt gardutsalg på garden vår på Nærbø, men produktet finns også i ulike utsalsstader:

  • Bryne: (Kjøkkenet i Bryne, Espressobaren M44, Line Gard)
  • Klepp: (Håland Kjøtt, Coop Mega Jærhagen, Erga Gårdsutsalg, Hole Gardsutsalg)
  • Nærbø: (Jærmuseet, Hå Gamle Prestegård)
  • Skjæveland: (Skjæveland Gårdsutsalg)
  • Stavanger: (Interflora Musegatens Blomster, A.Idsø)
  • Varhaug: (R.Skretting, Ystepikene)
  • Vigrestad: (Vadland gardsutsalg)
  • Sirevåg: (Pauserommet)

NB! I tillegg distribuerer Matcompaniet for oss,
så spør gjerne etter safta vår i spesialbutikkar over heile landet.