Selskap og arrangement
Köhler-Paviljongen er ei flott ramme rundt selskap av ulike slag. «Den store havestue» har plass til 36 personar, og Loftsalen tar opptil 30 personar.
Me ynskjer alle gjester velkommen når dei kjem, og tilbyr også å fortelje historia om garden og paviljongen, i tillegg til presentasjon av maten. Om det er tid, fortel me og viser filmen om restaureringa av huset. Dette kjem sjølvsagt utan tillegg i pris.
Kva kan arrangeras hjå oss
- Selskap
- Jubileumsarrangement
- Bursdagar
- Konfirmasjon
- Bryllaup
- Team-building
- Konsertar
- Julebord
- Føredrag
- Barnedåp/Navnefest
- Minnemøter
Spør oss gjerne om prisar og tidspunkt
Gruppeturar
Me kan tilby ulike opplegg og aktivitetar for grupper:
Rabarbrasafari
Ynskjer du å læra meir om rabarbra? Me tar imot grupper for omvisning frå 1. mai til midten av september. Frå midten av februar og ut mars kan du få oppleva magien av at rabarbraen veks i stummande mørke nede i ein gammal silo.
Rabarbrasafari m/ føredrag og smaksprøvar (200,- per pers.)
Rabarbrasafari m/ føredrag og smaksprøvar + rabarbrapølse på bålet (250,- per pers.)
Historiepakkar i Köhler-Paviljongen
Me fortel historia om garden og paviljongent frå Köhler si tid på Næsheim frå 1850 og fram til i dag. Me viser film og fortel om flyttinga av paviljongen og restaureringa av denne.
Historiepakke med kaffi-meny (220,- per pers.)
Varm rabarbrapai servert med is frå Iskremgarden og Madame Köhlers rabarbrasaft, samt kaffi/te.
Historiepakke med Dampen-meny (395,- per pers.)
Salt kjøttsuppe etter gammal oppskrift, heimelaga brød og Næsheim-jenter til dessert. Madame Köhlers rabarbrasaft og kaffi/te er også inkl. i prisen.